Posta av: Christer | 07.05.10

Tur nr.1 2010 Nybyrjartur for HKK

  • Formål: Nybyrjartur, skjerma område.
  • Gradering: 2 (ikkje eksponert farvatn, litt straum, sol og lite vind, lavterskel gruppe)
  • Deltakara: 2stk. turleiara HKK / 3stk. medlemmar HKK
  • Lengd/Varigheit: ca 3.2 km /ca. 3t
  • Kajakk: Rockpool Alaw
  • Åre: Thygesen grønlandsåre/Werner Shuna
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, reserveåre, naudpakke og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt (med 1 lag ull)

Har enkelt og grett kopiert mykje av teksta under frå Eldar ;o)

I dag var der to nybyrjarar som var klar for å prøve ut  dette med Padling. Ingen av dei hadde noko særleg erfaring så dette blei spanande. Vi brukte klubbens nyinnkjøpte kajakkar BD epsilon henholdsvis 200 og 300. Vi valgde å gjera det enkelt for nybyrjarane. sjøsettinga vart frå fjøresteinane nede på Gjerdet. Eldar satte ut først slik at han var sikring ved ein evt velt, undertegnede hjalp dei ombord slik at det heile gjekk smertefritt føre seg. Begge fant fort ballansen å alt var i skjønnaste orden, den eine av dei hadde litt problem med framdriftstaka medan den andre meistra dette heilt fint. Straks alle var på vatnet la vi kursen innover straumen mot ei lita vik som er heilt fortreffeleg å gå i land i. Eldar å framdriftslitaren blei liggande litt etter, løysinga vart sleping eit stykke. Noko motvilleg takka han ja til dette, å gleden var då stor for slepebåten. Taueøving er altid like kjekt, Eldar padla då med ei grønnlandsåre frå thygesen i ein Skim Dex . Han fant fort ut at ein liten Dex med ei lita thygesenåre ikkje er optimalt verkty for sleping av ein stor båt med ein stor førar i. Men sjølv om det blei ein del spinning med åras så gjekk det greit. Etter nokre hundre meter med spinning fekk han skifte åre med Meg. Eldar enda då opp med ei Werner shuna å det heile blei mykje betre. Dei siste hundre metera fram til vika kobla eg også på slepet. Prøvde om utsagne anngåande padleåra var sann. Ja, ein kan godt sei sleping på stilt hav med grønnlandsåre ikkje er det ultimate. Vel inne i vika blei slepet avslutta å nybyrjaren fek ta siste rest sjølv.

Strandhøgg, som det ofte er med meg og Eld på tur, er nesten aldri planlagd. Koseartikklane i form av kaffi og anna dig var heller labert. Vi klarar aldri å planlegge turane våra, dei blir ofte tatt på sparket med tilhøyrande mangel på hygge mat. I dag blei vi einige om at vi skal skjerpe oss på denne fronten, eg tenkjer tilbake på morgonturen vår på 15 km utan noko anna å bite i enn ein sjokolade på deling med gru. Då blei vi tome for energi å dei siste 5 km var eit blodslit.

Etter høgget la vi ut på tilbaketuren. Kajakken med hovudmotor vanskar blei slept store delar av turen fram og padla nesten heile vegen tilbake på eigenhand. Det gjekk trott, men med mykje oppmuntring fekk vi framgong alikavel. siste biten heiv Eldar han på slepp att og alt var berre fryd å gammen. Med måletta vegleiing frå Eldar tenkjer eg padleglea vil spire i den ferske sjømannen. Denne turen har utfordra oss på monge vis, og tankane straumar på for å utvikle beire nybyrjararturar. Må sei vi kom heilskinna fra turen tross lite niste.

Lengd på turen og gradering holdt mål. Ein passelig nybyrjarartur var det.

Tankar:

  • Mat er viktig når ein fer på padletur. Legge til rette for meir planlegging, ta seg tid til å pakke niste (nok mat til alle)
  • Bli aldri trygg på kor longt ein nybyrjarar kan padle, ved værskifte kunne vi fått ein tøff retur.
  • Planlegge alternativ retur, nødhavn.

Responses

  1. Fine nye header:) Flinking:*


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: