Peak UK Adventurer

  • Formål: Utstyrsomtale Peak UK Adventurer tørrdrakt.
  • Gradering: 3 (delvis eksponert farvatn, sol og lite vind, ukjent og værutsatt område)
  • Deltakara: 2stk. veiledar hav og 6stk. kursdeltakara.
  • Lengd/Varigheit: Kurshelg 2 daga
  • Kajakk: Rockpool Alaw.
  • Åre: Thygesen grønlandsåre/Werner Shuna.
  • Sikkerheit: Slepeline, pumpe, reserveåre, naudpakke og vest.
  • Bekledning: tørrdrakt (med 1 lag ull)

Test av Peak UK tørrdrakt.

Eg er i den glade, heldige situasjon å kunne teste litt ustyr. Det er min nabo Tor Inge som er vennlig nok til å låne ut nytt ustyr. Butikken han driv går under navnet Ystute. Då eg og Kokken skulle delta på aktivitesleiarkurs nytta eg anledninga til å teste Peak UK Adventurer tørrdrakta.

Fyrstegongs inntrykk:

Denne drakta har eit solitt stof som nesten minnar om tidlege utgåver av gortex, med teipa sømmar og ganske stivt stof. Til samanlikning med mi eiga NSR e-vent har Peak UK Adventurer mere motstand i bevegelsane. Her var det mykje krimskrams og doblingar både rundt hals, mage og handledd. Som dykk skjønar er eg mindre glad i slike ting. Unødvendige stoff doblingar som fangar fuktigheit og gjer drakta stivare, mindre bevegelsesfriheit. Detter er sjølsagt ei smakssak sidan monge meinar tunell er bra for å holde kajakken tørr, og kragen er godt mot trekken. Løysinga ved å entre drakta gjennom underlivet, var eg i utgangspunktet positiv til. Men grunna litt kjeitete lengd på min kropp og distansen fra glidelås og ned i helen, jegg påkledninga ikkje knirkefritt. Vel innanfor har eg ingen innvendingar på ykk-glidelåsen som var mjuk å fin, utført i plast. Den kunne opnast fra begge sider og paserte dei edlare delar utan anna enn litt sommarfugla i magen. Adventurer drakta har neopren hals med splitt, lateks manskjettar på henda og stoff sokk. Halsen var ein positiv opplevelse og førte til lett utlofting. Drakta føles kraftig, og det einaste bekymringa eg hadde var om halsen ville holde tett.

Fyrste turen:

Ut på aktivitetsleiarkurs bar det. Vi starta dagen med teori på land. Der kom fyrste svakheita i siktet. Eg måtte strippe for å ikkje omkåmast i solveggen. Ved entring nedanfrå, kan ein ikkje ta av seg litt av drakta. Enten på eller av som gjelder. Vel på plass i det rette element, kom halsen til sitt rette. Behagelig neopren er utan tvil mi framtid. Eit minus på denne modellen er splitten, som gir ein ting til å hugse på før ein vender dekket mot avgrunnen. Med fokus på tørrheit snurpa eg halsen godt igjenn og hyggen svann litt hen. Splitten gir doblingar som er mindre behgeleg når ein skal til stadigheit snu seg bak. Meir motstand, og uvant.

Når det gjelder fargevalet på denne drakten forstår eg ikkje Peak UK. Dei lyse partia på knea er ikkje ideelt. Dette vil fort bli møkkete og mindre innbydande. Akkurat hovudfargen er smak og behag, men ikkje etter mitt haud. Synleg heita er so som så når ein alikavel dekker til drakta med vesten, spruttrekk og kajakken sjølv. Eg er vel av typen som likar enkle fargar og mest mulig praktisk, med tanke på levetid.

Gjennom denne dagen blei vi ofte kommandert til å velte, hoppe ut av kajkken og redde folk som besvimte. Med andre ord eit tøft miljø for ei tørrdrakt. Halsen holdt desverre ikkje legemet mitt tørrt. Ved fleire annledninga kom det rennande inn vatn. Heldigvis var det mot slutten av dagen dette foregjekk. Som ei oppsumering vil eg karraktirisere Peak UK Adventurer som turdrakt, men med lateks manskjett i halsen vil den utvilsamt holde tett. Dette er vist ei muligheit, sei Tor Inge, gjennom ein annan modell . Vidare vil eg beskrive stoffet i drakten som gjennomsnittlig bra. Litt våt i stoffet, renner ikkje tørr på kort tid. Har en følelse av at drakten vil tåle det meste den blir utsatt for, men fargene vil føre til for rask aldring og behov for vask. Ikkje mitt fyrsteval med andre ord.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: