Posta av: Christer | 07.05.10

Tur nr.2 2010 Gourmettur

  • Formål: Gourmettur og utstyrstest.
  • Gradering: 2 (ikkje eksponert farvatn, sol og lite vind, men ei trafikert strekning og værutsatt område)
  • Deltakara: 2stk. turleiara HKK.
  • Lengd/Varigheit: ca 4 km (ikkje tidsbestemt)
  • Kajakk: Rockpool Alaw.
  • Åre: Thygesen grønlandsåre/Werner Shuna.
  • Sikkerheit: Slepeline, pumpe, reserveåre, naudpakke og vest.
  • Bekledning: Sumarbekledning.

I dag skein sola. Det var godt og varmt i lufta, og en padletur frista meir en noken gong i år. Eg fekk besøk av Eld utpå dagen og etter mykje diskusjon om kajakkseter og gamme, fant vi været for fint til å ikkje dra på tur.

Eldar ville utpå for å teste kajakken ved det hellige navn, Romany, og det nye setet som han har, med stoltheilt, montert. Testturen måtte vi kombinere med matlaging for ein gongs skuld. Faktumet var no at det lakka mot middagstid og Eld hadde ein nyinnkjøpt espressokokar i bilen, dessutan så har vi mange turar med mindre velukka pauser. Vi måtte slå på stortromma å ta med stormkjøkken å legge ut på handel.

Gourmettur meny:

Forrett:

  • Solskinspadling i lett bekledning

Hovudrett:

  • Biffgryte med sopp, lauk, paprika type grøn og soltørka tomatar
  • bada i ein fyldig fløytesaus servert med valgfri fløytepotet og Romanysalat

Dessert:

  • Blodfersk espresso og Tines Creme brulee

Tilberedt i naturens vakre kjøkken

Så Karane la ut ifrå Toftestøa med fullpakka kajakkar og godt mot. Været var fortreffeleg å bekledninga perfekt (så sant vi ikkje havna i vatnet) Kryssinga mot Flåvær gjekk som ein draum, og Eldar var godt fornøgd med sete. Nokre finjusteringar må ein rekne med når ein moddar kajakk. Der er eg og Eld fulstendig enige i at det beste må ein lage/tilpasse sjølv 😉

Vel framme på Store Sandøy pakka vi ut all mat og alle matlagingseffekter. Såg meir ut som ein ukesekspedisjon der det flaut av alt tenkeleg. Dette skulle bli bra, ja. Maten blei perfekt og settinga rundt strandhøgget kunne ikkje blitt beire. Ein stor takk til hovudkokken frå en skarve assistent. Ein god erfaring å få sjekka ut alt utstyret ein har opparbeida seg, dette skal gjerast oftare.

Etter nokre fyldige timar på land kom tida for å pakke saman å reise heim. Etter kryssinga blei det ei lita ykt med teknikktrening før Thomas Paulsen kom ramlande ut av eit naust for å sjå kva som no sto på. etter ein lang prat slengde vi båtan på taket å kjørte bor til Thomas for å fortsette praten, inspisere sjøbuda og poppanlegget i Artic Trucken. Alt i alt ein fin start på sommaren å standaren for framtidige turar er herved satt.

Tankar:

  • Slik oppakning kan ein like. For satse på ein gylden middelveg for kåmande turar.
  • Med to erfarne padlara som ferdast mykje ilag, blir det lite bekymringar og mykje hygge og prating. Særs høg kvalitetstur
  • Utstyret for matlaging er botimot komplett for min eigen del. Henta monge gode kokke tips frå Eldar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: