Ursuk Active watersport

  • Formål: Utstyrsomtale Ursuk Active watersport tørrdrakta.
  • Gradering: 2 (ikkje eksponert farvatn, sol og vindstille, unge med i gruppa)
  • Deltakara: 2stk. turleiara HKK og 3stk. medlemmar HKK
  • Lengd/Varigheit: ca 4,1 km /ca. 4t
  • Kajakk: Rockpool Alaw.
  • Åre: Thygesen grønlandsåre/Werner Shuna.
  • Sikkerheit: Slepeline, pumpe, reserveåre, naudpakke og vest.
  • Bekledning: tørrdrakt (med 1 lag ull)

Eg er i den glade, heldige situasjon å kunne teste litt ustyr. Det er min nabo Tor Inge som er vennleg nok til å låne ut nytt ustyr. Butikken han driv går under navnet Ystute. Når han reiste på sjø igjen fekk eg låne Ursuk Active Watersport Suit nokon daga.

Fyrstegongs inntrykk:

Stoffet verkar robust, slitesterkt og litt stivt. Har vel eit håp om att den mjuknar opp ved bruk. Den er stivare enn NSR e-vent drakta eg eig privat, og lagar litt støy ved padling. Ursuk Active er teipa både utvendig og innvendig, noko som gir stor kvalitetsfølese. Glidelåsen er plassert på ein god måte tvers over brystet. Det er dobbeltverkande ykk-glidelås som er av plast, og opplevast meget enkelt å handtere på eigen hand. Manskjettar i hals og handledd er av neopren, det er nytt for meg. Følast svært komfortabelt på, enkel entring og etter det eg veit lite vedlikehald. Sokkar av stoff er heilt ordinært utført. Drakten er meget romslig. Eg har XXL i NRS e-vent og testet drakten til Ursuk i L utan større problem. Men ved kjøp blir det nok XL på meg (pga. lengd). Etter nokon år i drakt med tunnel og doblingar på både hende og føta, er det i mine auge en god oppleving å ha en heilt rein (et lags) drakt. Mindre folder å krimskrams er noko eg set meir å meir pris på. Ellers har Ursuk klistra på en rekke refleksmerker rundtom, to lommer henholdsvis på skulder og på låret. Dette har Tor Inge tatt opp med produsenten og etter det jeg forstår blir det meste fjernet. Grunnen er enkel, hindre fuktsamling og fare for mugg. Det enkle er ofte det beste.

Fyrste turen:

Eg hadde ei formeining om at svarte drakter er for varm til mitt legeme. Men kan ikkje sei eg merka noko stor forskjell på den blå eg har til vanleg. Ein positiv oppleving var att drakta tørka fort ved litt sol frå sunmørsk himmel. Ein annan tanke er no at svart vil holde seg ”reint” lengre sidan skiten ikkje viser så godt. Neopren manskjettar er utan tvil det mest behaglege eg har padla i, bortsett frå sumarbekledninga. Den enkle utføringa gav meg betre luftsirkulasjon i drakta, tørrare innanfrå. Enkle ermar gjore det lett å ta på, og av, hanskar. Ved strandhøgg var det meget enkelt å ta av drakta på overkroppen, høg komfort å hygge faktor.

Eg vil være så pass å påstå att justering av underlaget på overkroppen er viktigare enn underkroppen. Eg er av den typen som er gjennomvåt frå topp til tå når eg er aktiv. Dermed har eg alltid prioriter materialer som pustar godt. Men det viser seg ofte att underlaga har meir å bety enn skalet. Ull under er ein leveregel utan unntak, og neste lag blir justert etter varmen fra oven. Ved å nytte kle som teke opp fuktigheita føler ein seg meir tørr. Det er ein også sidan huda slepp frå seg fuktigheita.

Ja, tilbake til denne drakta så er den utan tvil den tørraste opplevelsen so longt i mi padlekarriere. Ved turens endepunkt tok ej å vende kajakken. Å det med undertegnade oppi. Eit par rulle og stoffet i drakta avviste heilt det friske herøyhavet. Dråpane trilla, og eg var straks like tørr utanpå og inni. Dette lova godt, ingen lekasje og manskjettane føltes like tette å varme. Ja, neopren e nok en heil del varmare en lateks. Utan tvil ein stor fordel under dei kalde månadane.

Vel tilbake til utgongspunktet for denne testturen, jekk eg ein tur utover til eg flotna. Ute på utrykt djupn følte eg trykke av sjø mot føta, lufta vart pressa opp og slept ut av halsen. Litt tull å tøys for å sjå om det ville trenge inn vatn måtte til. Inne på land kunne eg på nytt sjå kor fort denne drakta tørka. Etter kort tid var alt vatn rent av. Innom hadde det ikkje komt en dråpe! Vil tåre å påst at denne blir mitt neste tørrdrakt ja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: