Posta av: Christer | 19.08.10

Dimna i den første snøven 2010

  • Formål: lavterskel tur.
  • Gradering: 1 (vindstille, skjerma område, erfarne padlara)
  • Deltakara: 2stk. aktivitetsleiara + 1
  • Lengd/Varigheit: ca 8 km /ca. 4t
  • Kajakk: Rockpool Alaw
  • Åre: Werner Shuna / Thygesen grønlandsåre
  • Sikkerheit: slepeline, reserveåre, naudpakke og vest
  • Bekledning: dobbel ull under tørrdrakt, hue, votter

Eit fint utsiktsbilete, men utan snøv.

Her er padleruta for denne dagen.Dimna

På ein elles kald og guffen haustdag vart eg invitert på padletur. Eldar og Jon Oli skulle lufte kajakkane sine og ville gjerne ha selskap. Eg var litt usikker grunna været men bestemte meg for å bli med, det var lenge sida sist eg padla.

Vi 3 er sers privilegerte som kan sette utpå så tili på dagen. Om hausten er dagane korte og sola ikkje mykje til hjelp. Dermed arrangerar vi ikkje klubbturar grunna krav til utstyr. Vi har alle Tørrdrakter og er trygge på å kunne redde kvarandre om uhelle skulle vere ute. Å padle i så kaldt vatn utan tørrdrakt og kunnskap om redning er direkte livsfarlig…..

Då eg pakka bilen var det verken lyst ute eller skyfritt. Nysnøen dekka vegane og haustdagen minte meir om midt vinters. Kanskje vi kan ake litt med kajakken i dag clip_image002

Vi møtte kvarandre ved småbåthamna på Dimna ved Ulsteinvik. Midt i den maritime klynga med skipsverft rundt om. Medan vi lessa av bilane og rigga oss klar, kom sola meir å meir til syne. Dette blir noko ein fin hausttur alikavel.

Like etter skutene kasta loss fekk vi auge på ei ørn som kvila i tretoppen. For min eigen del eit mindre vanleg syn, anna en gjennom Sunnmørspostens webcam. Den unge ørna forhold seg nokså roleg å skifta enkelt tretopp då vi kom litt for nærme.

Etter ei naturoppleving kjem som regel verkelegheita fort attende. Ikkje lett å oversjå eit nybygg større en verftet som bygg dei. Perspektivet frå ein kajakk er også noko eige. Eg som sjømann blir like lett fasinert av størrelsane som andre. Noko så stort og menneskebygd, flyt nesten utan å forflytte vatn.

Men unge til sins som vi e, går tankane fort over på leik å moro clip_image002[4]

Ferdig med leiken og håpet om aketur skrota. Jekk trearbanden inn for landing på ein liten holme rett vest for Spjøtøya. Det blei kaffi-koking og ein liten lapskaus. Litt padlepreik om laust å fast medan vi slikka dei få solstrålane hausten unna oss.

Undervegs oppdaga Eldar mi usedvanlige lave vasslinja. Eg tok til motmæle om alle skulsmål angåande lastinga, men kunne ikkje heilt forstå det faktum at kajakken var heilt full av sjø i akterkabinen. Ikkje noko stort mysterium då vi jekk i land å fekk sjå eit HÅL som lensa kajakken min nokså effektivt. Løysing blei den gode gamle «gaffa» teipen. Problemet løyst og akterkabinen redda for no. Dermed må min elskede leggast i tørrdokk for utbetring. Må vel takke Jon Olli for lensing undervegs (mi pumpe blei då ikkje med på denne turen)

Retur jekk rimelig effektivt grunna to personar med utvida familie ansvar. God trening på framdriftstak økte kroppstemperaturen betydelig inn mot småbåthamna. Dette gjore godt i rusten padlemuskulatur.

Sjølv med sol frå oven og ein nesten utelukka vind denne dagen, padla eg lenge med hue og vottar for ikkje å fryse. Ikkje noko minus det, men ein kan ikkje poengtere ofte nokk behovet for gode klede denne tida på året. Eg padlar i tørrdrakt, men sliter med kalde føte grunna lateks-sokk (i staden for tøy) i kombinasjon med våte neoprensko bør turen ikkje bli lengre enn denne dagen.

 

Tankar:

  • Sikkerheitsutstyret må ein alle tide ha med. Denne turen hadde eg gløymt att pumpa, det kunne gitt meg store problem ved eit anna vær og føre.
  • Glasfiber er min favoritt sjølv med fleire skadar på rullebladet. Med «gaffa» teip i sekken kan det meste reddast.
  • Klesdrakta i kaldt vær er viktig!!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: